10 bod for eit grønt skifte i Sogn og Fjordane

Fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang og Fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo, Foto: SFJ Venstre

Sogn og Fjordane kan på utvalde område leie an i den nye grøne økonomien. Det krev ein samla strategi, tydelege prioriteringar og rask handling. Venstre vil med dette spele opp til debatt med 10 bod for eit grønt skifte i Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Dei neste 15 åra vil vere avgjerande for om verda klarer å avgrense den globale temperaturauken til to grader. I same tidsrom skal fleire milliardar menneske løftast ut av fattigdom, og verdsøkonomien skal samla vekse med over 50%. Aldri før har det blitt investert meir i ny teknologi og ny infrastruktur enn vi vil sjå verda over dei neste 15 åra.

Samla sett krev dette eit «grønt skifte» i heile samfunnsøkonomien. All vekst må baserast på fornybar energi, auka berekraftig matproduksjon frå sjø og land, klok husholdering med naturressursar ut frå strenge miljøkrav og kretsløpstankegang. Etterspurnaden etter slike løysingar vil vere enorm på globalt nivå.

Regjeringa varslar at Noreg skal møte utviklinga med å blinke ut rask omstilling til ein ny, grøn økonomi som ein nasjonal strategi. All nasjonal politikk vil i åra framover bli retta inn mot å dyrke fram og stimulere dei nye, grøne næringane som skal ta over sysselsetjing og verdiskaping etter oljen, og dei nye teknologiske løysingane eit framtidig klimanøytralt, petroleumsuavhengig samfunn skal byggast på.

Kva betyr dette for Sogn og Fjordane? Kort oppsummert: Det er tidenes sjanse – dersom vi handlar raskt. Sogn og Fjordane har alle føresetnader for å gjere det betre i den nye, grøne økonomien enn i den gamle oljeøkonomien. Vi har dei største fornybare energiressursane av alle norske fylke, vi er store på fiskeri og havbruk – og i motsetnad til i petroleumssektoren vil mykje av veksten og nyskapinga i den nye grøne økonomien kunne skje ved desentralisert produksjon/verdiskaping.

Det som også særmerker den nye grøne økonomien, er at han krev ein samkøyrt strategi for offentleg og privat sektor. Som eit lite fylke med tradisjon for tett samhandling mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljø har Sogn og Fjordane gode mulegheiter til å bevege oss raskare framover mot ein grøn økonomi enn større regionar som er tyngre i sessen, og med fleire band til den gamle oljeøkonomien. I den grøne økonomien kan vi ta føringa sjølve, og få opp lokale verdikjeder og verdinettverk som gjer oss i stand til å oppskalere aktivitet i Sogn og Fjordane og/eller utfylle verdikjeder utanfor regionen.

Det krev langsiktige mål og ein gjennomtenkt strategi der ein koblar energipolitikk, næringspolitikk, FoU-satsing, offentlege investeringar og innkjøp – og gjennomgåande prioritering av grønt og nytt framfor svart og gammaldags. Det er krevjande, men effektane vil vere store. Det vil gi interessante, framtidsretta arbeidsplassar som gjer Sogn og Fjordane langt meir attraktivt for ungdom, tilflytting og investeringar enn eit fylke som «heng etter» i omstillinga til framtidas næringsliv – og trur at vi sikkert kan hegne om fortida ei stund til.

Ingen sit pr i dag med alle svara, men nokon må starte debatten. Venstre vil med dette legge fram våre 10 bod for å ta Sogn og Fjordane i front av den nye, grøne økonomien:

  1. Utvikle eit sterkt og samla eigarskaps- og utviklingsmiljø for fornybar energi i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen må halde på eigarskap av infrastruktur i energisektoren, og selje seg ut av eigarskap i andre, meir forgjengelege verdiar som t d reiarverksemd.
  2. Legge til rette for Sogn og Fjordane som føretrekt stad for uttesting og utvikling av ny energiteknologi som bølgjekraft og flytande offshore vind.
  3. Legge ein hydrogenstrategi for Sogn og Fjordane: Utvikle infrastruktur for gradvis å fase inn hydrogen som drivstoff på køyretøy og fartøy til erstatning for fossile drivstoff fram mot 2030 – i størst mulig grad kobla opp mot lokal produksjon av hydrogen i fylket.
  4. Legge ein samla profileringsstrategi for Sogn og Fjordane som føretrekt etableringsstad for ny kraftkrevjande, grøn industri som grøn datalagring, prosessindustri og hydrogenproduksjon.
  5. Utgreie og løfte opp nasjonalt mulegheitane for direkte straumkabling frå Sogn og Fjordane til Europa (UK/kontinentet) for å sikre marknadstilgang for framtidig auka produksjon av fornybar energi i fylket.
  6. Setje mål om passivhus-standard for alle nye bygg i fylket frå 2020/2025 og «klimaoppgradering» av eksisterande bygningsmasse – kombinert med eit FoU-prosjekt for å utvikle ei innovativ, grøn bygg- og anleggsnæring i fylket.
  7. Vri alle FoU- og næringsretta verkemiddel inn mot grøn omstilling av næringslivet. Konsekvent prioritere fiskeri/sjømat og andre næringar som er fornybare og «evigvarande» der det må gjerast interesseavveging.
  8. Legge ein samla plan for tilgang til landstraum frå alle cruise/- større industrihavner i fylket innan eit gitt årstal, setje krav om nullutslepp/lågutslepp i framtidige ferjeanbod,
  9. Setje konkrete mål om auka matproduksjon frå Sogn og Fjordane til lands og til havs – og setje av nødvendige areal til dette i samråd med næringar og kommuner. Særleg fokus på potensialet i nye marine næringar som t d algeproduksjon, og nye forretningsmodellar innanfor landbruket.
  10. Setje krav til grøn finansforvalting i Sogn og Fjordane fylkeskommune, minst på line med krava som er sett til forvalting av pensjonsmidlar i kommune/stat gjennom KLP/SPU.

Klarer vi å samle oss om ein slik strategi, kan Sogn og Fjordane bli ein region verda vil retta sine auge mot i tiåra framover. Ikkje fordi vi er dei siste i verda til å fylle fjordar med gruveavfall, men fordi vi er med å finne dei moderne, grøne løysingane verda no treng. I det grøne skiftet kan vi gjere visjonen om Framtidsfylket til røyndom.

 

Alfred Bjørlo
Fylkestingsrepresentant for Venstre 2011-15

Gunhild Berge Stang
Fylkesordførarkandidat for Venstre 2015-19

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**