Jublar for skjermingsvedtak

Daniel Gangeskar , Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Onsdag denne veka vedtok hovudutval for opplæring i fylket å skjerme miljøkoordinatorstillinga på alle vidaregåande skular i fylket i kuttrundane. Det får Venstre sin ungdomskandidat, Daniel Gangeskar, til å juble.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

– Eg må seie eg jubla når eg vart klar over vedtaket som skjerma miljøkoordinatorane. Eg er ekstremt nøgd og glad for at eit samrøystes hovudutval for opplæring vel å lytte til ungdommane og at dei ser at der finst andre viktige element i skulane enn dei som berre kan verte stadfesta med ein karakter, seier Gangeskar.

– Det her er eit godt, fornuftig og framtidsretta val utvalet har gjort. Det å sette trivsel og eit godt psykososialt miljø føre kroner og øre, vil fylket tene på over tid, held den unge Venstre-politikaren fram.

Eg må seie eg jubla når eg vart klar over vedtaket som skjerma miljøkoordinatorane.

Etter endringane i inntektssystemet til kommunane og fylka har det vorte klart at Sogn og Fjordane må kutte over 224 millionar, der 88 millionar dei neste fire åra skal kuttast innan opplæringssektoren. Men det vert utan kutt i miljøkoordinatorstillinga. Venstre-politikar og medlem i hovudutvalet for opplæring, Alfred Bjørlo, er einig med partikollega Gangeskar:

– Det er veldig gledelig at vi kan unnlate å gjere kutt i ei so viktig rolle som det miljøkoordinatorane er i skulane. Venstre har heile tida vore veldig klare på at for oss er det å kutte miljøkoordinatorane uaktuelt, vi tykkjer det i desse sakene er viktig å sette ungdommen sine ynskjer i første rekke.

– For oss er miljøkoordinatorstillinga viktig å oppretthalde, spesielt med tanke på arbeidet dei legg ned i skulane mot mobbing, tiltak for å betre det psykososiale miljøet og det å vere ein stabil faktor i ungdommane sin kvardag, utdjupar Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**