116 flyktningar til Fjell i løpet av 2015 og 2016

Faksimile: Fjell kommune

Kommunestyret vedtok i dag at Fjell kommune skal ta i mot til saman 116 flyktningar i 2015 og 2016. Venstre stemte for dette framlegget.

For perioden 2015-19 blir den politiske styringsstrukturen i Fjell reformert. Kommunestyret vedtok i dag at talet på representantar blir redusert frå 45 til 35, og talet på komitear frå tre til to. Venstre støtta eit framlegg om at talet medlemmer i kvar komité og i formannskapet framleis skal vera elleve. Dette framlegget fall med 16 mot 29 røyster, og talet blir derfor redusert til ni.

Kommunestyret godkjende planen for utviding av gjenvinningsstasjonen på Straume. Etter framlegg frå Venstre vart det vedteke eit punkt om at det skal vurderast å oppretta ein ekstra gjenvinningsstasjon i kommunen, grunna m.a. den store trafikken i området.

Les meir her.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**