GLOPPEN VENSTRE INVITERER:
PRESENTASJON AV VALPROGRAM 2015-2019
DEBATT MED STORTINGSREPRESENTANT SVEINUNG ROTEVATN
GLOPPEN HOTELL
SUNDAG 10.05.15 KL 17.00-20.00
I samband med årets kommune- og fylkestingsval inviterer Gloppen Venstre til ope møte på Gloppen Hotell. Her vil vi presentere programmet Gloppen Venstre går til val på, og det blir lagt opp til innleiing og debatt med vår eigen stortingsrepresentant, Sveinung Rotevatn frå Eid.
Programmet vi har vedtatt finn du her: Eit grønt og liberalt Gloppen
Velkomst
ved lokallagsleiar Bjarte Heggheim
Presentasjon av valprogram for Gloppen Venstre
ved ordførarkandidat Ragnar Eimhjellen og andrekandidat Bjarte Gangeskar
Innleiing og debatt om grøn vekst i kommunereformarbeidet
ved stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn
Vi håpar å sjå deg der. Velkomen!