Sjukeheimane må vere attraktive arbeidsplassar

Foto: SFJ Venstre

NRK Sogn og Fjordane omtalte torsdag 16 april ein rapport utarbeidd av Sykepleierforbundet, som viser at berre 7% av nyutdanna sjukepleiarar har sjukeheim som førsteval når dei skal søkje jobb. Dette vil gje Noreg ein stor mangel på omsorgsarbeidarar om få år, og viser tydeleg behov for ei kommunereform der fleire oppgåver vert flytta ned til kommunane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Dagens eldre har høge forventningar til omsorgstilbodet, og folk leve heldigvis lenger, også med alvorlege sjukdommar. Saman med ei rask utvikling av velferdsteknologi, gjere dette til at kommunene er avhengige av høgt kvalifiserte sjukepleiarar som er motiverte til å jobbe på sjukeheim. Som det vert peika på i artikkelen, vil små kommunar få problem med å rekruttere sjukepleiarar, medan større kommunar med større fagmiljø kan gjere det meir attraktivt å jobbe på sjukeheim, for både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar.

 

Folk i Sogn og Fjordane skal kunne føle seg trygge på at dei får eit godt tilbod med kompetente tilsette når de skal på sjukeheim. Når kommunene er små, blir også sjukeheimane veldig sårbare. Tala frå Sykepleierforbundets rapport er eit veldig godt argument for å gje større kommuner eit auka ansvar for heilskapen i velferdstilbodet, frå førebygging, pleie og rehabilitering, til palliativ omsorg og omsorg for personar med demens. Det handlar ikkje om å slå saman sjukeheimar, for tenestene skal ligge nært brukarane. Men eit auka ansvar vil gje betre lokaldemokratisk styring og forankring av tilbodet, og gjere sjukeheimane og heimetenesta til meir attraktive arbeidsplassar for nyutdanna sjukepleiarar.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**