Politiet skal setja folk først

Geir Angeltveit (V), Foto: Jo Leirheim

Geir Angeltveit, ordførarkandidat for Venstre på Stord og 3. kandidat til fylkestinget, hadde dette lesarbrevet i Bladet Sunnhordland 22. april.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sidan innhaldet i regjeringa og Venstre si politireform blei annonsert har debatten gått. Ikkje rart, dette er ei av dei verkeleg store reformene som har pressa seg fram dei siste åra. Politianalysen og Gjørv-kommisjonen etter 22. juli har vist at det er behov for endringar i politiet.

I eit land som Noreg er spørsmålet om lokalisering viktig, den heilskaplege substansen er derimot langt viktigare. Politiet vil fokusera på dei oppgåvene som berre politiet kan gjera. Og mange andre oppgåver vert flytta til andre etatar, som transport av psykisk sjuke, utstedig av pass osb.

Politi panser bil Massakren på Utøya tydeleggjorde ein kollaps i alle ledd i politiet, sjølv i eit sterkt distrikt. Politireforma skal rusta framtidas politi for å takla store og dramatiske hendingar på ein langt betre måte. Politioverbetjent og varslar Robin Schaefer prøvde å få saka om Monika Sviglinskaja (8) teken opp igjen. Han vart motarbeida og avvist av norsk politikultur på sitt verste. No sit stefaren i varetekt, mistenkt for drap. Politireforma er lite verd om ho ikkje sikrar betre sakshandsaming og etterforskning enn det. Det finst tallause eksempel, som då ambulanse og helsepersonell vart ståande og venta på at politiet skulle koma og sikra drapsstaden til Hilda Feste i Os. Treg respons set liv og helse i fare.

Venstre sitt krav i forhandlingane har vore eit politi som er der når du treng det, og som tar deg på alvor. Der har me levert. Tydeleg krav til responstid, uansett kor ein bur i landat. Kvardagskriminaliteten skal etterforskast – innbrot i garasjen, sykkeltjuveri el.l. skal ikkje leggjast vekk når ein veit kven gjerningspersonen er, utan at det er særskild gode grunnar til det. Gjennom samarbeid med kommunar skal politiet veta flinkare til kriminalitetsførebygging. Familievald og vald mot born, både etterforsking og førebygging skal prioriterast høgt.

Reforma har no vore på høyring, og skal gjennom justeringar før den vert lagt fram for debatt og vedtak på Stortinget, med sikte på ein breiast mogeleg semje der. Dette gjeld grenseinndelingar, lokaliseringar, men viktigast av alt det politireforma må handla om, å få eit politi som sett folk først.

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit,
ordførarkandidat
Stord Venstre

Les innlegget på sunnhordland.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**