Nasjonalt gjennomslag for sykkelmillionar på Stord

Frå grøn horisont, til grøn kvardag., Illustrasjon: Geir Angeltveit

I sammarbeidet med med dei borgarlege partia krevde Venstre pengar til sykkelveg. Noko partia vart samde om å gå for. No ser me resultatet av dette på Stord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Sykkelveg grisarompo
Sykkelveg grisarompo
I åresvis kjempa Venstre nasjonalt for å få på plass målretta finansiering av sykkelvegar i kommunane. Men fekk ikkje gjennomslag nasjonalt. Men saman med dei borgarlege har dette blitt realisert. Stortinget bevilga 95 mill kr til Venstres krav om belønningsordning for sykkeltiltak i kommunane, kor ein skal bidra med minst 50% lokalt.

Det skal i 2015 byggast 30% meir sykkelveg nasjonalt. For Stord betyr dette gode nyheter.

Som sykkelby arbeidar me for at sykkel skal bli eit heilgodt alternativ til bil, når du skal handla, forflytta deg, på jobb eller tur. Då må gode tilgjengelege sykkelvegar på plass.

På Stord tyder dette at me får 2,75mill til å byggja sykkelveg frå Sæ til Stord Kykje. I grisarompo er det ingen trasé per dags dato, så det må på plass. Resten av strekninga treng utbetringar. Dette skal også på plass.
Sykkel og livskvalitet Gjennom nasjonale ordningar, og lokal satsing via Stordpakken, kan dette verta ein realitet innan nokre få år. Det vil Venstre jobba for i åra framover.

Sykkel er klimavenleg, folkehelsevenleg og venleg mot lommeboka di. Og ein kommune som vil vera Sykkelby skal ha sykkelens vilkår i fokus. Me er stolt over at desse pengane er på plass, men ikkje nøgd enda, og vil arbeida for meir støtte i framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**