I dag blei det klart at regjeringa gir utsleppstillatelse til sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden. Berge Stang er skuffa, men seier at Venstre ikkje har gitt opp.
– Vi krev at saka blir handsama i stortinget. Vi har levert eit forslag om det saman med SV. Denne saka er så viktig og har så sterke motstridane interesser at den må handsamast i nasjonalforsamlinga, seier Berge Stang.
– Det er skuffande at regjeringa tilsynelatande ikkje forstår kor viktig denne saka er for naturen, for det maritime næringslivet og for det politiske samarbeidsklimaet.