Sund Venstre sine kandidatar

Foto: Pia Kleppe Marken

Til årets lokalval stiller Sund Venstre sjølvsagt liste, og har i år fått med oss to heilt nye namn. Vi har og gjort litt endringar på lista frå forrige val.

Vår ordførarkandidat denne gongen er Elizabeth Toft Erichsen (30). Ho går på sin 3. periode i kommunestyret der ho per i dag 1.vara til kommunestyret, samt medlem av Saksgruppe næring og utvikling. Forrige periode var det ho som representerte oss i kommunestyret. Det er kun Elizabeth som er kummulert på lista.

Karsten Kleppe (41) har sjølv vald å stå på 2.plassen i år. Han er i dag sittande kommunestyrerepresentant. Med små barn og ein leiarjobb kor han pendlar mellom Bergen og Stavanger ønskja han ikkje å stå på topp denne gongen.

Det første ferske namnet (for oss i allefall) er Sigrun Søyland (28). Sigrun har vore aktiv i Fjell Venstre, men har gifta seg og flytta til Sund, noko vi jo er glade for. Sigrun jobbar til dagen på Sprek og Blid på Helsehuset i Skogsvåg og bur i Telavåg.

Resten av lista ser slik ut:

4. Ronald Slettebakken, Klokkarvik

5. Pia Kleppe Marken, Kleppe

6. Vegard Sælensminde, Klokkarvik

7. Hans Golten, Skogsvåg

8. Ellen Pedersen, Glesvær

9. Agnar Kåre Steinsland, Kleppe

10. Kari Østervold Toft, Steinsland

11. Jarle Sælensminde, Klokkarvik

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**