Glimrande turløype på Manger!

Manger tidlig morgon, Foto: Bård Mangerøy

Radøy Venstre lanserte i 2011 ideen om å etablere ei turløype løype med grus og lys på Manger. No fire år seinare vert det ein realitet, fordi det i budsjettforliket mellom V, H, FrP, KrF og Sp vart sett av 1 million til føremålet. Rett nok må lysa la vente litt på seg, men etter kvart må ein også få dei på plass.

Radøy har mange moglegheitar for mosjon når det gjeld turløyper i terreng, men manglar ein turveg ned grusdekke og lys. Dette kan vere eit viktig tiltak for joggarar, barnefamiliar med og utan barnevogn, og andre turgåarar, spesielt på vinterhalvåret.

For fire år sidan peika Radøy Venstre på turområdet ut mot Skageneset som ein mogleg stad å etablere ei slik løype, men me understreka at det også kunne vere andre aktuelle alternativ som måtte vurderast. Det har no administrasjonen gjort, og Manger IL har også engasjert seg. Manger IL foreslo ein trasé i sentrum med utgangspunkt i idrettsanlegget Grønålen og Radøyhallen.

Dette alternativet vart tilrådd av administrasjonen, og fekk tilslutning i formannskapet frå alle parti. Radøy Venstre meiner føremonane denne lokaliseringa av turløypa, i tillegg til at det er det billigaste alternativet, er at det etter alt å dømme vil få høgast bruksfrekvens. Her er det lett for foreldre som køyrer ungane på trening sjølve å ta seg ein liten treningstur i turløypa, den vil liggje lett tilgjengeleg for bustadområda og Velferdssenteret med sjukeheim og omsorgsbustader vil ha svært kort veg til løypa. Såleis er det all grunn til å tru at løypa vil få mange brukarar, både unge og eldre.

Turløype-saka viser at det nyttar å engasjere seg og at det er mogleg å få ting til også på Radøy, der kommuneøkonomien ikkje er spesielt god. Det er all grunn til å rose Manger IL for det flotte initiativet og engasjementet deira i utarbeiding av trasé, som no resulterer i ei glimrande løysing.

 

 

Frode Hervik,

Gruppeleiar, Radøy Venstre

Lesarinnlegg på trykk i Nordhordland 8.4 og i Strilen 11.4

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**