Venstre ønskjer å realisera Sykkelbyen Stord. For å kunna gjera det, må me sørga for at sykkel vert eit heilgodt alternativ til bil. Slik at du effektivt og enkelt kan koma deg frå A til B, dei store sentra i kommunen vår.
Då handlar det om å investera. Stordpakken er den investeringa. Og Venstre prioriterar å få dette på plass.
Ei satsing på sykkel har mange gode effektar. Det er positivt på lommeboka di, det er positivt på folkehelsa og på klimaet. Samstundes som det får fleire bilar av vegen, noko som gjer at næringstransport som uansett må køyra, kjem seg enklare fram.
Ein kvar kommune som ønskjer å ta ansvar for si Byutvikling satsar på Gang- og sykkelvegar. For Venstre er dette svært viktig.
Du kan lese om denne saka på Sunnhordland.no