Om Fjell Venstre

Fjell Venstre er i perioden 2015-19 representert i kommunestyret ved Olav Kobbeltveit og Brith Ediassen.

Vararepresentantar er Tore Turøy, Hege S. Hovland, Liv Strømme, Espen Elstad og Per Svein Dufva.

Brith Ediassen er leiar for Fjell Venstre.

Historikk
Fjell Venstre vart stifta alt 23. september 1883, fire månader før det landsdekkande partiet Venstre. Bergens Tidende skreiv dagen etter at kring hundre menneske hadde vore til stades på stiftingsmøtet i Fjell, og 72 av desse melde seg inn i laget same dag.

I tida frå 2007 til 2011 var Tore Turøy einaste Venstre-representant i kommunestyret i Fjell.

Frå 2011 til 2015 var Fjell Venstre representert i kommunestyret ved Tore Turøy og Hege Spigseth Hovland. Turøy var også medlem av formannskapet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**