På Venstres landsmøte i Tromsø denne helga tok Stord Venstres ordførarkandidat tak i problematikken med kvinner i det sjølvstendiga næringslivet. Systemet må endrast om me ønskjer at fleire skal prøva seg her.
Entreprenørskap er ufatteleg viktig for at me skal koma gjennom denne omstilingsfasen me er inne i. Her på Stord er det ekstra viktig å satsa på fleire og annleis arbeidsplassar då me er svært sårbare. Stord skårar svært høgt på sårbarhetsindikatoren til Telemarksforskning i høve til kommunar som me kan samanlikna oss med.
Om me ønskjer å losa kommunen gjennom denne omstillinga vil det vera essensielt å legga til rette for nye idear og nye arbeidsplassar.
– Ei av utfordringane at kvinner har langt høgare terskel for å skapa eigne verksemder og eigne arbeidsplassar. Ikkje fordi deira idear er noko dårlegare enn menn sine idear, men fordi systemet rundt entreprenørskap og gründerskap passar langt betre for menn.
– Difor tok eg opp denne problematikken på landsmøtet – spesielt dette med at ein som skapar sin eigen arbeidsplass, si eiga verksemd, står utan dei same sosiale rettane som ein vanleg arbeidstakar. Skal me klara omstillinga på Stord har me ikkje råd til at gode idear vert ståande uutnytta.