– Høgre vil svekke nynorsken

Foto: Francisco Munoz

Venstre stør ikkje framlegget om valfritt sidemål.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Jacob Mæhle står bak forslaget om å prøve ut valfri sidemålsundervisning for vidaregåande elevar i bergensområdet, melder NRK.

Les meir om Bergen Venstre sin nynorskpolitikk her.

Høyre vil svekke nynorsken

Blant elevane ved Langhaugen vidaregåande skule vekker forslaget til Mæhle ulike reaksjonar.

– Eg ville valt det vekk. Det er ikkje mykje tid me brukar på det, og då er det ikkje så viktig å ha ein eigen karakter i det faget, seier Julie Øvstedal.

Andreklassingane Elias Fjellstad og Simon Sagoe er blant dei som meiner det er nyttig med undervisning i begge målformer.

– Me har to skriftspråk i Noreg, og då bør alle ha ein viss forståing for begge.

Venstre vil styrke sidemålet

Heller ikkje ungdomskandidat for Venstre i Bergen, Njaal Neckelmann, meiner forslaget frå høgresida vil gjere godt for skulen og elevane.

– Me meiner valfri sidemålsundervisning vil berre bidra til å svekke norskfaget og elevane sine ferdigheiter. Det sømmer seg ikkje for kunnskapspartiet Høgre å senke ambisjonane for norsk skule.

Forslaget om valfri sidemålsundervisning skal i fyrste omgang behandlast i Bergen bystyre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**