Det vert bygd for få bustadar. Gjennom mange år har prisveksten på bustadmarknaden vore svært høg. Ikkje minst i dei store byane er presset stort. Berre det siste året har veksten i bustadprisane vore på 8,7 prosent. Samstundes har veksten i hushaldningsgjelda vore høgare enn inntektsveksten over lang tid. Gjeldsveksten var på 6,2 prosent det siste året.
Det låge rentenivået har gjort at mange har fått høve til å ta opp bustadlån. I følgje Konkurransetilsynet er det eit problem at bustadmarknaden i byregionane er konsentrert i hendene på nokre få utviklarar. Enklare reguleringsprosessar lokalt kan legge betre til rette for fleire mindre aktørar, og betre konkurranse. Heilskapleg og kompakt utbyggjing av kollektivknutepunkt og investeringar i skinnegåande kollektivtransport er viktig for å sikre god og miljøvenleg arealutnytting. I områda rundt dei store byane er dette avgjerande for å dempe utbyggjingspresset.
I mange kommunar er det ei utfordring at det vert bygd for lite og for dyrt. Samstundes er det ei utfordring, særleg i byane, at fortetting skal vege opp for mange tiår med desentralisert byggjing. Mange stader vil det vere avgjerande å få gjort meir heilskaplege grep i reguleringsprosessane, slik at vi får meir effektiv bustadbyggjing, samstundes som areala vert utnytta på ein god måte. Det er difor ønskjeleg med kommunale tomteselskap eller andre tiltak der kommunen kan ta ei meir aktiv rolle i bustadsutviklinga.
Ei særleg utfordring er mangelen på bustadar for svakarestilte grupper. Difor er det viktig å trappe opp den sosiale bustadbyggjinga og satse på rimelege utleigebustadar for dei som treng det. Byggjinga av studentbustadar må dessutan haldast oppe på eit høgt nivå, både gjennom tilskott og forenklingar i regelverket for byggjinga av slike boliger. Byggjing av studentbustadar er det enklaste og mest effektive ein kan gjere for å opne bustadmarknaden i mange typiske pressområde.
Nybygg er mange stadar svært dyrt samanlikna med bruktkjøp. Plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter må forenklast for å få raskare sakshandsaming og gjere nybygging billegare, mellom anna gjennom å bruke funksjons- og miljøkrav heller enn tekniske krav. Krava til utleigebustadar må endrast slik at fleire finn det føremålstenleg å drive utleige. Husbanken må styrkast gjennom auka rammer slik at utbyggjingsprosjekt lettare kan bli realisert.
Skattesystemet gjer det meir gunstig å plassere pengar i eigedom enn til dømes i bedrifter. Det bidreg óg til å forsterke det sosiale skiljet mellom dei som er innanfor og utanfor bustadmarknaden. Venstre ønskjer å bruke skattesystemet slik at det vert meir meir attraktivt å investere i bedrifter framfor i eigedom. Ei slik omlegging skal mellom anna skje gjennom positive skatteincitament for investeringar i bedrifter. Scheel-utvalet har peika på ulike tiltak som Venstre vil vurdere på sjølvstendig grunnlag.
Utviklinga i bustadmarknaden har ført til at Finanstilsynet har kome med ei rekkje forslag til innstramming i vilkåra for å innvilge bustadlån. Fleire av desse forslaga vil kunne få til dels dramatiske konsekvensar for tilgangen på lån for kundar som har god betalingsevne, men som manglar stor oppspart eigenkapital. Forslaga vil utvilsamt gjere det enno verre for unge utan velståande føresette å kome inn på bustadmarknaden.
Venstre meiner at utgangspunktet må vere at bankane sjølve er best stilte til å vurdere betalingsevnen til kundane sine, og at fleksibilitet i utlånspraksis er viktig. Å berre handsame symptoma på ein bustadmarknad som ikkje fungerer optimalt er lite heldig. Ein må ta tak i dei grunnleggjande problema.
Difor vil Venstre:
- Forenkle plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter med sikte på raskare sakshandsaming
- Erstatte detaljkrav i byggjeforskrifta med funksjonskrav
- Redusere kravet til detaljeringsgrad i utbyggingsplanar slik at desse raskare kan tilpassast endra rammevilkår eller konjunkturar
- Gje styresmaktene auka mynde i forvaltinga av plan- og bygningslova
- Fornye og utvikle reglane for utleigebustader for å gjere det meir attraktivt å byggje slike
- Gje Husbanken auka rammer, mellom anna for å gje lån til finansiering av nybyggjing av utleigebustader
- Gjere det enklare å etablere og drive samskipnadar, stiftingar og selskap som har eit langsiktig mål om å utvikle leigemarknaden
- Byggje minst 2000 studentbustadar årleg med 50 prosent statstilskot
- Gjere studentbustader til eige arealformål i plan- og bygingslova
- Innføre ei ordning med heimkjøp av bustadar, der ein på sikt kan oppnå eigarskap til ein leigd kommunal bustad
- Samordne statlege styresmakter si handsaming av arealplanar og sikre at eventuelle motsegner er koordinerte
- Gjere det meir attraktivt å investere i bedrifter og verdiskaping framfor eigendom
- Auke beløpsgrensa og skattefrådraget til bustadparing for ungdom
- At staten skal bidra med 70 prosent av investeringskostnaden til skinnegåande kollektivtrafikk, dersom kommunane forpliktar seg til fortetting ved kollektivknutepunkt og stasjonsnære område
Fråsegna ble vedteken på Venstres landsmøte 12. april 2015