Kjære landsmøte
Det er eit viktig venstreprinsipp at politisk makt skal komme nedefra.
Ein av dei viktigaste velferdsreformene vi skal gjennomføre denne 10-års perioden er kommunereformen. Den skal sikre borgerne eit bedre tilbud i sitt nærmiljø, og gjere kommunane bedre istand til å gi sine innbyggjarar gode velferdstjenester.
Venstre må leggje føringar for miljøutfordringane ved dagens kommunestruktur.
Og ikkje minst – den skal flytte makt nedover – nærmere innbyggarane slik at dei i større grad kan påvirke kvaliteten på tjenestene.
Vi som er her på landsmøte, har heilt sikkert ulike utfordringar knytt til gjennomføring reformen.
I min region – Haugesundsregionen, har kommune vokse seg sammen .
Vi har eit felles bo- og arbeidsmarked. Du bur i ein kommune, arbeider i ein anna og har bruke kanskje kulturtilbudet i den tredje. Du bruker offentlige tilbud der du synes det er hensiktsmessig, og Haugesund som regionsenter, og den kommunen som har mest innpendling , gir et velferdstilbud til langt fleire enn sine egne innbyggarar.
Det er selvfølgelig ein økonomisk utfordring – for Haugesund.
Men viktigare er dei miljømessig utfordringane.
Haugesund grenser i sør/øst mot Karmøy og Tysvær. 3 kommunar som har planlagt utbygging og infrastruktur som om nabokommunen ikkje fantes.
Ja ja kanskje også for å sikre fleire egne innbyggarar, eller næringsvirksomhet.
Og tar du flyfoto over dette området ser du at arealbruk ikkje er miljømessig bærekraftig. Det henger liksom ikkje heilt sammen.
Eg er glad for at det er Venstres Andre Skjelstad, som er saksordfører for stortingsmelding nr 14 – nye oppgaver til kommunane, og at Venstre dermed kan legg premissen for kva oppgaver som skal overførast til kommunane.
Venstre må leggje føringar for miljøutfordringane ved dagens kommunestruktur.
Og det er det miljøutfordringane ved dagens kommunestruktur eg meiner at Venstre må leggje føringar for.
Min oppfordring til stortingsgruppe er:
Leggje premissar som sikrar at kommunar som har sammenhengande bo- og arbeidsmarked står seg sammen, og vær også villig til å bruke tvang for å få dette til.