– I kveld skal mamma på kommunestyremøte

Foto: SF Venstre

Jenter i Sogn og Fjordane har tru på seg sjølv. Kvifor endar dei opp som kvinner med lav sjølvtillit?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Dette spørsmålet stillte fylkesleiar og fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang frå talarstolen på Venstre sitt landsmøte i Tromsø. I det følgjande kan du lese innlegget hennar i sin heilskap:

IMG_0783

Gode landsmøte,

År etter år leverer elevane i Sogn og Fjordane skuleresultat som saman med Oslo og Akershus er best i landet. Forskarane klør seg i hovudet. Vi har relativt lavt utdanningsnivå, men gode skuleresultat. Elevane presterer rett og slett betre enn ein kan forvente.

rotet i heimen kan ligge til i morgon – for i kveld skal mamma på kommunestyremøte.

Difor er det ikkje rart at skuleforskarane har kasta seg over mysteriet Sogn og Fjordane. Etter ei større undersøking av dette har dei kome fram til at dei viktigaste forklaringane mellom anna er:

– elevar og foreldre har respekt for både lærarane og skulen som institusjon og det er ein god kultur for læring
– at elevane skriv og blir eksponert for både nynorsk og sidemål.
– og så noko interessant: Jentene i Sogn og Fjordane har god sjølvtillit og står støtt i seg sjølv.

Men så veks dei opp.

For: Etter å ha arbeidd med listestilling spør eg meg: Kva er det som skjer når jenter som har tru på seg sjølv utviklar seg til kvinner med lav sjølvtillit?

Det er eit alvorleg demokratisk problem at kvinner stadig er underrepresenterte i kommunepolitikken. Og utifrå dei uttallige samtalene med aktuelle kandidatar er eg ganske trygg på at forklaringa ligg i at kvinner er meir sjølvkritiske enn menn – og dei føler framleis mest ansvar for barn og heim.

Det er vanskelege mønster å bryte og det finst ingen quick fix. Likevel trur eg kvinner, opplyste og utdanna som dei er blitt, må reflektere meir over kva forbilde dei vil vere for borna sine.

Vi oppmuntrar døtrene våre til å ta utdanning, men takkar nei til topplass på vallister.

Sjølvtilliten dei skuleflinke døtrene våre har – får dei ikkje sjå hos mødrene sine.

Mødrene bør forsette å hjelpe døtrene sine med leksene, men bør også vise dei at rotet i heimen kan ligge til i morgon

– for i kveld skal mamma på kommunestyremøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**