Styrk det psykiske helsevernet no

Håkon Frode Særsten, Foto: Privat

I kommunestyremøtet 19. mars gav Stord Venstre framlegg om å byrja satsinga på førebygging no. Ikkje venta med dette til seinare, eller til neste budsjettsrunde. Det er no me har høve til å få finansiert det mesta via øyremerka midlar frå staten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Regjeringa har bevilga 100mill til tiltak for å betra denne situasjona som enkelte kommunar er kome i. Stord kommune har gjennom denne satsinga tilgong på midler frå staten på kr. 1.280.000,- i øyremerka overføringar til å styrka og førebygga psykisk helsevern.

Folkehelsebarometer 2015, Stord kommune.
Folkehelsebarometer 2015. Trykk på biletet for dokumentet og oversikt over kva dette betyr.
Bømlo har allereie 2 psykologar og ein 100% stilling som folkehelsekoordinator. Medan Stord har 40% stilling som folkehelsekoordinator, og ingen psykologar innan førebygging. Om me ser på folkehelsebarometeret i Stord så ligg psykisk helsa langt under landsgjennomsnittet, og er markert raudt i oversikta. Det tyder at her må noko gjerast. Venstre meinar at me i alle fall bør kome oss opp på nivå med bømlo. For kvar dag som går vil følgjene av dette gje auka kostnadar både for einskildpersonar og kommunen.

Helse- og omsorgsministeren i dagens regjering oppmodar kommunar til å søka om pengar, slik at mennesker som treng det får tidleg hjelp, og dermed unngår å verta sjukare. Fleire psykologar er viktig for å styrka dette feltet, seier helse- og omsorgsminsiter Bent Høie.

Førebygging og tidleg innsats er viktig. Eg håpar fleire kommunar vil nytta seg av denne ordninga. Bruken av psykologar bør tilpassast lokale behov.Dei kan gje individuell oppfølgjing, driva rettleiing, fagutvikling eller tverrfagleg samarbeid. Det viktigaste er at tilbodet innan psykisk helsa får eit løft, seier Høie.

Venstre var usamd med resten av koalisjonen og kommunestyret, som gjekk mot dette forslaget. Likeins med samtlege andre parti i koalisjonen så er det enkelte viktige saker som partia står for og som det ikkje er høveleg å finna ein felles plattform på. Sjølv om Venstre er nøgd med samspelet i koalisjonen på dei fleste områda, og innser at ein i periodar må finna kompromiss for at eit samarbeid skal fungera.

I denne saka meinar me det vert utan store utfordringar å kunna gjera ei slik tilpassing på 370.000,- i budsjettet, for å følgje opp dette satsingsområdet frå regjeringa, som Stord så sårt treng.

Håkon Frode Særsten
Lokallagsleiar Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**