Osterøy Venstre si historie

Det har vore venstreparti på Osterøy om lag like lenge som partiet Venstre har eksistert. Stiftinga av Venstre nasjonalt var i 1884, og protokollar frå Haus Valstyre frå slutten av 1800-talet viser at Knut Birkeland frå Småland og Mons A. Hauge stilte til val for Venstre her hos oss. Vi veit også at Hosanger kommune hadde Venstreordførar ei tid.

Etter at Osterøy kommune vart oppretta i 1964 har Venstre halde fram med å vere eit aktivt parti på Osterøy, og har heile tida hatt plass i heradsstyret. Frå 1990-talet og fram til i dag har følgjande peronar stilt i heradsstyret for Venstre:

  • Jofred Vik (1980-1991, 4 samanhengande periodar)
  • Olav Meltvik (1972-1975 som varaordførar, 1984-1987 og 1992-1995)
  • Rolf Kalland (1996-1999)
  • Kåre Stokken (1996-2003, to periodar)
  • Gyda Tveiten (2000-2003)
  • Magnhild Tysse (2004-2007)
  • Geir Iversen (2008-2015, to periodar)
  • Kjersti I. Vevatne (2015-2023, to periodar)
Kultur, kulturminner
Ole Bull sitt hus på Osterøy

Kjelde:

Kleiveland, Geir (red): Osterøy Bygdebok bind nr. II

http://www.osteroy-sogelag.org/politikk.html

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**