Balestrand kom i mål med listestillinga

Foto: Sfj Venstre

– I dag er vi letta! Vi har etter mykje arbeid greidd å stille Venstre-liste i Balestrand ved kommunevalet i år. Dette seier leiar Gunhild Berge Stang i Sogn og Fjordane Venstre. Nominasjonsnemnda i Balestrand hadde gjeve opp håpet då problemet var å få kandidatar til dei aller øvste plassane. Gleda er difor stor, Hanna Menes takka ja til vere toppkandidat, og med seg har ho Vidar Roseth på andreplass. Begge er førehandskumulerte på lista som tel 10 namn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Balestrand Venstre sendte tidlegare ut pressemelding om at det ikkje vart Venstre-liste i år. Lokallaget meldte sjølv at dei har vore for lite aktive i høve ny-rekruttering av medlemmar, og ein situasjonen der dei gamle politikarane no sa nei til vidare lokalpolitisk arbeid.

 

– Fylkeslaget måtte difor ta tak, Balestrand Venstre har vore eit av dei største og sterkaste Venstre-laga våre gjennom mange periodar og som kan vise til gode valresultat, held Gunhild fram. Hanna Menes studerar for tida ved Kriminalomsorgens utdanningssenter KRUS, og pendlar ofte til/frå Balestrand. Hanna har i noverande periode vore medlem av utval for Plan og utvikling, og er fyrste vara til kommunestyret. Vidar Roseth jobbar i Helse-Førde, og har tidlegare vore rådmann i Balestrand Kommune.

 

Balestrand Venstre er svært nøgd med lista, og har tru på eit godt val til hausten.

Heile lista til Balestrand Venstre er:

  1. Hanna Menes
  2. Vidar Roseth
  3. Jarle Geithus
  4. Jon Asbjørn Målsnes
  5. Merete Sande
  6. Lars Sjøthun
  7. Marianne Herland
  8. Kari Tordis Aarskog
  9. Reidun Thorsnes
  10. Britt Grimelid

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**