Venstre vil ha bysyklar

Bysykkelstativ, Foto: zoetnet, Flickr.

Det kan verta bysyklar på Stord om Venstre og andrekandidat Maria Irgens får vilja si.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Maria Irgens. Stord Venstre
Maria Irgens. Stord Venstre

– Eg stille på lista fordi me vil gjera tiltak som kan betra lokalsamfunnet vårt, bysyklar er berre starten, seier Maria Irgens til Sunnhordland.

Ordninga vert som regel reklamefinansiert, samt med ein nominell eigenbetaling. Og så nyttar du ein app på mobiltelefonen for å ha oversikt på ledige syklar og sykkelparkeringar.

Grøne transportmidler er essensielt i god byplanlegging, og vil vera nyttig for både folkehelsa og klima fortel Irgens.

Bysykkel er ei ordning der kvar abonnent får eit kort og kan leiga ein sykkel frå forskjellige tilhøyrande sykkelstativ. Ein låsar ut ein sykkel og kan nytta denne, og så leverar ein den attende på tilsvarande sykkelstativ, til neste person som måtte ha behov for den.

Venstre vil at fleire syklar, og at fleire er med å kreva betre sykkelvegar. Me vil ha betre sykkelvegar, som gir fleire syklande, som igjen vil kreva betre forhold for syklistar. Ein positiv spiral

Du vil kunna leiga deg ein sykkel på Heiane, sykla ned til Leirvik, eller fortsett til Rommetveit, eller rundt og tilbake til Litlabø og Sagvåg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**