Barnehageopptaket er godt i gang. I sist veka blei første runde med tildelingsbrev sendt ut. Dette var tilbod om plass til barnehagar som er førsteprioritet.
Att står det 96 born på ventelista. Alle desse barna vil få eit tilbod om barnehageplass.
For Stord Venstre har det vore eit mål å få til full barnehagedekking. Dette er no realisert.
Me vil utvikla barnehagane vidare.
Venstre vil ha eit mangfald av barnehagar, med fokus på friluftsliv, musikk, idrett, eller anna.
Barnehagen er ein arena der ein lærar gjennom leik og sosial samspel. Venstre vil legga vekt på at borna får ein opplæring der dei utviklar seg gjennom å vera med andre born og bli rettleia godt av vaksne.
Leik er det sentrale i born sin utvikling, og må vera det primære også i aktivitetar der opplæring er målet.
Venstre har tidlegare løfta fram ønskjet om at borna i større grad vert tilknytta naturen og uteleik. Og me ønskjer å sjå plassering av nye barnehagar i tilknyting til gode og tilgjengelege friluftsområder. Samt fordela barnehageplassane utover i kommunen, slik at du kan få plass ved din nærbarnehage.