Venstre ønskjer ei brei og ekstern arbeidsmiljøundersøking

Venstre-representantane Jorunn Ytrefjord og Anne-Jorunn Ryum Møen tek opp spørsmålet om ei brei og ekstern arbeidsmiljøundersøking i neste kommunestyremøte 19. mars. Les òg meir om interpellasjonen frå Venstre og saka elles i avisa «Hordaland» for torsdag 5. mars, samt i dagens utgåve.

Les teksten i interpellasjonen i sin heilskap nedanfor:

INTERPELLASJON I KOMMUNESTYREMØTE 19. MARS

ARBEIDSMILJØET I VOSS KOMMUNE
Arbeidsmiljøet i Voss kommunen er svært viktig for tilliten innbyggjarane har til kommunen. Også andre tilhøve spelar inn, jfr. Venstre sin interpellasjon i siste kommunestyremøte med fokus på manglande tillit både innover og utover. [photo#59446]

Men i avisa ”Hordaland” har det kome fleire oppslag som tyder på at det kan vera alvorlege mishøve innan arbeidsmiljøet for tilsette. Desse samsvarar dessverre med eit inntrykk vi som folkevalde har fått. Opplevde problem kjem så kraftig til uttrykk i eit intervju med hovudverneombod Asbjørn Nyberg i avisa for 21. febr.

Vi er derfor glade for at arbeidsmiljøutvalet har tatt saka på alvor, ved at Nybergs fråsegner skal behandlast som ei varslingssak.
Samstundes ser vi i avisa for 28. febr. at rådmann Einar Hauge meiner at dei regelmessige medarbeidarundersøkingane syner eit anna bilde. Imidlertid er svarprosenten varierande , ved nokre kommunalavdelingar avdelingar er den svært låg.

For å få eit best mogleg grunnlag for tiltak for eit godt arbeidsmiljø i kommunen, meiner Voss Venstre det må gjennomførast ei brei arbeidsmiljøundersøking, helst lagt opp og styrt av Arbeidstilsynet, og så snart som mogeleg.

Korleis stiller ordføraren seg til dette?

Anne-Jorunn Ryum Møen (V) Jorunn Ytrefjord (V)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**