Listetopp er Jorunn Ytrefjord, etter at Knut Olav Nestås trekte seg som toppkandidat pga. ny jobb som distriktsleiar i Trygg Trafikk. Jorunn er fysioterapaut, og har site fire år i kommunestyret og levekårsutvalet. Nr 2. Anne-Jorunn Ryum Møen er òg kommunestyremedlem no, og er elles med i utval for miljø og kultur.
Nye høgt på lista er Vostopia-gründer og lærar Bjarne Rene på 3. plass, avdelingssjukepleiar Elin Seim på 4. og avdelingsleiar Frederic Larsen på 5. plass.
Dei fire første er kumulert. Venstre har no 5 representantar i i kommunestyret, noko partiet reknar med å halda – målet er å auka til 6!
To velkjende namn i kommunestyret no; Torstein Gunnarson og Rolf Abrahamsen, har takka nei til å halda fram. Dei har heidersplassane nederst på lista.
Lista har elles ei blanding av personar som også var på lista sist, og av nye – og her også fleire unge. Men også for Venstre er det slik at mange gjerne støttar partiet, men vil stå nede på lista då dei ikkje ønskjer eller har høve til å delta aktivt i det daglege politiske arbeidet i kommunen. [photo#59333]
Her er lista i sin heilskap:
1. Jorunn Ytrefjord
2. Anne Jorunn Ryum Møen
3. Bjarne Rene
4. Elin Seim
5. Frederic Larsen
6. Margun Torget Østrem
7. Kolbjørn Blikås
8. Astrid Rongen
9. Leif Helge Vevatne
10. Hilde Klette
11. Erik Røthe Klette
12. Ingebrigt Nesheim
13. Jostein Vandaskog
14. Geir Runar Kvitne
15. Stine K. Hernes
16. Erlend Rongen
17. Cecilia Nääs
18. Jon Arvid Himle
19. Katrina Øvsthus Stavenes
20. Sigurd Kvikne Fretheim
21. Odrun Vellene Vevatne
22. Brit G. Trefall Hernes
23. Bendik Finborud
24. Helge Stavenes
25. Hildegunn Petersen
26. Kåre Herfindal
27. Gaute Bøysen Klyve
28. Knut Skeide
29.Berit M.L. Skjervheim
31. Rolf Abrahamsen
32. Torstein Gunnarson