Vi har ikkje nok arbeidsplassar til alle i Vanylven. Samtidig kan ikkje lokalsamfunnet tilby all kompetansen som næringslivet i kommunen spør etter.
Vi må jobbe for betre kommunikasjon, og nokre av sakene vi ynskjer å fokusere på er:
o gang/sykkelveg i Eidså sentrum, hovudveg utanom sentrum
o betra kommunikasjon over kommunegrensene
o hurtigare/betre samband over Rovdefjorden
o Volda/Ørsta lufthamn – mot Trondheim
o hurtigbåt til Ålesund
o å støtte Sande Fastlandssamband
Samferdsel
Flyt av arbeidskraft over kommunegrensene er avgjerande for å oppretthalde nærings- og samfunnslivet i Vanylven og motverke fråflytting.