Vanylven Venstre vil at:
Vanylven kommune skal vere eit levande lokalsamfunn.
Flest mogleg skal engasjere seg i utviklinga av vanylvssamfunnet.
Alle delar av kommunen får like høve til å utvikle seg.
Vi skal lære oss å sjå dei positive verdiane i det å vere vanylving og bruke desse verdiane til å
utvikle kommunen vår.
Ideologi
Venstre byggjer politikken sin på dei sosial -liberale verdiane: fridom, likeverd og fellesskap, der miljøet vert verdsett som berande i ei sunn utvikling av samfunnet. Vi krev individet sin rett til å leve sitt eige liv og individet si plikt til å vise omsorg for medmenneska sine. Dette grunnlaget gjev Venstre styrke til å ta vare på menneskeverdet, skape ei rettferdig fordeling og forvalte ressursane våre på ein fornuftig måte.