Fronta for seint ute for Torget

Håkon Frode Særsten, Foto: Privat

Dette seier kommunepolitikar for Venstre, Håkon Frode Særsten, i eit intervju med Sunnhordland.

I halvtanna år har han stått i spissen for planane for opprusting av Torget som no snart er i gang, og for halvtanna år sidan løyvde kommunestyret ein million kroner til å rusta opp Torget.

I planane ligg løysing for torgbodane, sykkelveg, nytt asfaltdekke, leikeplass, fjerning av fortauet mellom vegen og Torget, og nye heller mot Rådhuset mm.

I dei nye planane seg ein føre seg å opna inngangen til rådhuset frå Torget. Kantina i rådhuset skal flyttast ned og fungera som kafé, men dette ikkje blir klart i første fase 1. mai. For Venstre er det viktig at Torget skal bli ei ny, intim og grøn sone i sentrum. Der ein ønskjer å opphalda seg, handla i buer og vera eit kosleg trekkplaster for å få fleire inn i sentrum igjen.

– Stord kommunale eigedom KF har lova at Torget skal vera ferdig til 1. mai, seier Særsten.

Trykk her for stor versjon av det nye torget.

Nye Torget i Leirvik sentrum.
Nye Torget i Leirvik sentrum.

Les heile artikkelen på Sunnhordland.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**