Vi søkjer etter valkampsekretær

Foto: Sogn og Fjordande Venstre

Har du lyst å jobbe for Sogn og Fjordane Venstre i sommar? Då har du høve til å bli partiet sin valkampsekretær. Sekretæren vil inngå i eit valkampsekretariat med eit særskild ansvar for den praktiske avviklinga av fylkesvalkampen og hjelp til lokallaga i lokalvalkampen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Stillinga inneber førebuande arbeid frå 15. juni, og bistand med praktisk gjennomføring og førefallande arbeid i den korte valkampen i august og fram til 15. september. Stillinga vert løna 100 % i juli august og september.

Du bør ha erfaring med valkamp, er initiativrik og kunne arbeide både med stor sjølvstende og i team. Du vil ha ein fordel av å dele Venstre sitt politiske grunnsyn og skaffe deg inngåande kjennskap til Sogn og Fjordane Venstre sitt fylkesvalprogram.

Viktige arbeidsoppgåver:
• Mobilisere organisasjonen
• Hjelpa lokallaga med organisatoriske utfordringar
• Gjennomføring av kampanjar og aksjonar
• Dagleg gjennomføring av valkampen

Valkamp er hektisk; få dagar vil vera like, men ein må vera klar for lange dagar på kontoret. Det er ein fordel at du har førarkort og disponerer bil då noko reiseaktivitet forventast.

Dersom du tenke deg å verte vår valkampsekretær så sender du søknad innan 20. mars til fylkeskontoret på [email protected].

Treng du meir opplysningar ta kontakt med fylkesleiar Gunhild Berge Stang tlf. 97653785 eller valkampsjef Sveinung Rotevatn tlf. 95146487.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**