Klima fokus for miljøpris

Vinnar av HFK miljøpris 2014, Maritime CleanTech Vest med Anne-Beth Njærheim og Mona H. Hellesnes, Foto: Alf Helge Greaker

Onsdag 11.mars delte Anne-Beth Njærheim ut Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2014. Den vart velfortjent tildelt Maritime CleanTech Vest.

Dagleg leiar i Maritime CleanTech Vest, Hege Økland tok i mot prisen.

Vinnar av HFK miljøpris 2014, Maritime CleanTech Vest med Anne-Beth Njærheim og Mona H. Hellesnes
Vinnar av HFK miljøpris 2014, Maritime CleanTech Vest med Anne-Beth Njærheim og Mona H. Hellesnes

Grunngjeving

Anne-Beth Njærheim er leiar av Kultur- og ressursutvalet, som har gjort vedtaket om tildelinga med følgjande grunngjeving:

Maritim næringsverksemd er avgjerande viktig i vår region. Denne næringsklynga har bidratt til å få fram ei rekke miljøforbedrandetiltak over få år, og laga konsepter som har svært store potensial for å avgrense framtidas klimaglassutslepp.

«For eit ferjefylke som Hordaland er det som denne næringsklynga driv med veldig spennande. Dei har vore med på å drive fram den første batteridrevne ferja i verda, og har også lansert hybridløysingar for skip. Å avgrense framtidige klimagassutslepp er svært viktig og vi meiner at Maritime Clean Tech West bidreg stort til dette, og fortener årets miljøpris.»

I fjor fekk Maritime CleanTech west status som Norwegian Centre of Expertise. Ein status som kun kjem dei mest dynamiske og vekstkraftige næringsklyngene til del.

Maritime Clean TechWest er eit døme på kva ein får til gjennom eit rikt og fruktbart samarbeid. Klynga inneheld verksemder frå heile den maritime verdikjeda, leverandørar av fornybar energi og forskings- og utdanningsinstitusjonar. Målsettinga er ikkje mindre enn å styrke klyngedeltakarane si konkurranseevne ved å lansera innovative løysingar for energieffektive og miljø- og klimavenlge maritime aktivitetar.

Den nye teknologien og fartøya som går på fjordane her på Vestlandet er direkte resultat av klynga sitt arbeid. Samarbeidet er eit viktig bidrag til arbeidet mot ei berekraftig, maritim framtid, og syner oss ein av vegane mot lågsutsleppssamfunnet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**