Tidsdifferensierte bompengar

Mona Haugland Hellesnes, Foto: Elizabeth T.E

Venstre fekk i fylkestinget 10.mars gjennomslag for tidsdifferensierte bompengar.

 

Eit gledeleg vedtak vi har venta lenge på, seier Mona H. Hellesnes. No kan vi endeleg sende søknaden til staten.

Tidsdifferensierte bompengar er eit viktig tiltak for å avgrense kø ein ser kvar dag, morgon som ettermiddag.

Vedtaket var i fylkesutvalet eit fellesforslag frå Venstre, Krf, Ap og Sp. SV og Høgre gav subsidiær støtte til forslaget.

Vedtaket

1)Fylkestinget går inn for å tidsdifferensiera bompengetakstane i bomringen i Bergen, med sikte på oppstart seinast 1. januar 2016. Bompengeordninga i Bergen held elles fram som før, i samsvar med Prop 143 S(2012-2013).

2) I rushtida måndag – fredag kl. 06.30 – 09.00 og 14.30 – 16.30 vert taksten fastsett til kr. 45 for liten bil og kr. 90 for stor bil. Utanom rushtida vert taksten fastsett til kr. 19 for liten bil og kr. 38 for stor bil (2015 kroner).

3) Bystyret i Bergen og fylkestinget i Hordaland må få fullmakt til å gjera naudsynte justeringar i bompengetakstane eller periodane med tidsdifferensiering, om den nye ordninga medfører vesentlege avvik frå inntektsmålet i Prop. 143 S (2012-2013). Lokale fullmakter må fastsetjast i stortingsproposisjonen om tidsdifferensierte bompengetakstar.

4) Tidsdifferensieringa gjer det truleg naudsynt å auka kapasiteten for kollektivtrafikken i Bergen. Fylkestinget legg opp til at belønningsmidlane, som det no er søkt om, i første omgang kan nyttast til å finansiera ein slik kapasitetsauke. Vidare vil fylkestinget søke nødvendig finansiering av auka kollektivtransporttilbod i den komande bymiljøavtalen, ved statleg tilskott eller eventuelt gjennom å revidere bompengeavtalen i Bergen. Fylkestinget ber fylkesrådmannen legge fram sak om auka kollektivtilbod og finansiering, for handsaming i fylkestinget juni 2015.

5) Ordninga med tidsdifferensierte bompenger skal evaluerast etter eitt år.

6) I arbeidet med eventuelle endringar for å nå måla, må andre modellar for tidsdifferensierte bompengar vurderast, herunder den langsiktige modellen i rapporten «Køprising i Bergensområdet? Hovedresultater, konklusjoner og anbefalinger» frå Urbanet Analyse (2009), samt miljødifferensierte modeller

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**