Om høgskulen og tvang

Sveinung Rotevatn - Studentersamfunnet i Bergen
Foto: (CC BY-ND 2.0) Heidi Olsen / Studentersamfunnet i Bergen

På morgonkvisten 26. februar kunne NRK Sogn og Fjordane melde at underteikna «ikkje utelukkar» tvangssamanslåing av høgskular. Erfaringsmessig skal ein vere skeptisk når journalistar skriv at politikarar «ikkje utelukkar» noko. Det er som regel eit teikn på at journalisten, trass iherdige forsøk, ikkje har lukkast med å få politikaren til å gje han vinklinga han hadde bestemt seg for på førehand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 

Spørsmålet NRK stilte meg ein femten-seksten gonger, var variantar over formuleringa «ønskjer Venstre tvangsfusjon av Høgskulen i Sogn og Fjordane?». Og eg sa, minst like mange gonger, at Venstre meiner frivilligheit gir dei beste resultata, at tvang sjeldan fører noko godt med seg, og at vi vil lytte svært nøye til kva høgskulen sjølv meiner.

 

Men på spørsmål om Venstre uansett, i alle tilfelle, utelukkar tvangsfusjonar, kan vi vanskeleg svare nei. Det er trass alt Stortinget som som finansierer og har ansvar for institusjonane våre, og vi kan sjølvsagt ikkje prinsipielt utelukke at landets nasjonalforsamling kan styre strukturar innan universitets- og høgskulesektoren.

 

For å underbygge vinklinga si, kunne NRK også opplyse om at fylkesårsmøtet i Venstre nylig forkasta eit resolusjonsforslag om å støtte Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er for så vidt rett at årsmøtet, pressa på tid, ikkje prioriterte å ta denne resolusjonen opp til realitetshandsaming. Men til orientering for NRK var underteikna ein av delegatane som røysta for å handsame fråsegna.

 

Dersom dette, samt dei femten første svara mine i intervjuet, var del av NRK si sak, ville det nok gått rimeleg klart fram kva mi haldning til ein mogleg tvangsfusjon av Høgskulen i Sogn og Fjordane faktisk er. Sidan det ikkje kom fram i den aktuelle saka, nyttar eg høvet til å presisere synet mitt her.

 

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**