Fryktar stor trafikkauke i Arna

Venstre vil gjøre Bergen grønnere. , Tallak Rundholt

Kjell-André Johannessen (V) frykter at køpris gir trafikkauke på Arnavegen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Bergen bystyre har vedtatt å innføra tidsdifferensierte bompengar frå 1. januar neste år. Det tyder at det vil kosta 45 kroner for ein liten bil å passera bomringen i rushtida, medan det vil kosta 19 kroner elles. I dag kostar det 25 kroner uansett når på døgeret og kva dag i veka ein køyrer.

Må satse på kollektiv
Rushtida om morgonen er mellom klokka 06.30 og 9.00, medan rushtida på ettermiddagstid er definert mellom klokka 14.30 og 16.30. Byrådet presiserte at ordninga ikkje skulle vera å auka bompengeinntektene, men å spreia trafikken.

Håpet er at det blir ein slutt på dei enorme køane rundt klokka 15.00, men det viktigaste målet er å få fleire til å bruka kollektivtilbodet. Dersom det siste skjer, vil Kjell-André Johannessen bli svært glad.

— Altfor mange som køyrer eigen bil kunne ha tatt buss, bane og tog. Men då må frekvensen vera god nok. Det kan godt vera at det som no vil skje er at somme vel å justera på arbeidstida for å unngå at bompengeutgiftene skal meir enn dobla seg, seier Johannessen.

Frykt for giftlokk
Det han likevel er heilt sikker på kjem til å skje, er at dei som til dømes bur i Åsane-området og ikkje skal til sentrum i staden køyrer Arnavegen. Ein liten omveg, men likevel langt billegare enn å betala 45 kroner.

— Trur du verkeleg eit par tiarar er nok til at folk legg om køyremønsteret sitt?

— Ikkje for nokre få tiarar isolert sett, men her er det heilt andre summar det er snakk om. For mange blir ekstrautgifta fleire tusen kroner årleg. Det er sjølvsagt for tidleg å slå fast kva som vil skje frå 1. januar neste år. Vi har nesten ikkje oppnådd noko som helst dersom like mange bruker bilen, berre at dei endrar tida dei køyrer. Då får vi om lag like lange køar, og meir av trafikken vil koma på Arnavegen. Giftlokket på Danmarksplass blir berre litt mindre, medan vi får eit større giftlokk i Arna enn vi har i dag, seier Johannessen.

Les heile saka på side 3 i Bygdanytt tirsdag 10. mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**