Valdres Venstre kravde fokus på veg

Eivind Brenna og Hilde Tveiten Døvre roste Oppland Venstre sin jernbanestrategi, men minte om behovet for ferdigstilling av E-16 gjennom Valdres. – Stamvegen over Filefjell er den sikraste fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet, sa Eivind Brenna

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Valdres Venstre årsmøte

Foto: Liv Maren Mæhre Vold

Eivind Brenna og Hilde Tveiten Døvre roste Oppland Venstre sin jernbanestrategi, men minte om behovet for ferdigstilling av E-16 gjennom Valdres. Det kom som eit sjokk for Valdres Venstre då ein med statsbudsjettet vedtok å kutte ferdigstillinga av stamvegen gjennom Valdres.

– Ansvaret for 55-millionarskuttet har FrP sidan plassert på Venstre. Dette er feil, sa Døvre og Brenna i kvar sine innlegg, og fekk støtte av partileiaren Trine Skei Grande. – Venstre ynskte eit grønnare budsjett ved vekting på jernbane, men det er statsråden som har ansvaret for budsjettet og har godkjent alle postane der. Det må de minne FrP-arane om, kvar dag, sa Skei Grande.

– Stamvegen over Filefjell er den sikraste fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet. Vegen er ferdigstilt gjennom Begnadalen og i Lærdal. No må traseen gjennom reisten av Valdres sikrast med den kommande budsjettrevideringa, kravde Brenna og Døvre. Vi kan ikkje ende opp med dagens tungtrafikk på ein sopass dårleg vegstandard.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**