ei utbygging av Hovatn Aust vil få for reinstammen (jfr. utgreiingane frå Naturrestaurering), slik også kommuneplanen i Bygland understreker. Om villreinen ikkje kan vere i området i anleggsperioder er det tvilsamt om reinen kjem tilbake igjen etterpå. Vidare synest vi det er lagt for lite vekt på og undersøkt for lite om fuglelivet i området
Med ei utbygging vil det bli ein svært redusert kvalitet som friluftsområde. Utbygging vil redusere dei områda på Agder som pr. definisjon framleis har villmarkspreg, og Venstre går ut frå at NVE tar ekstra omsyn til dette i si vurdering av konsesjonssøknaden.
Venstre er positive til fornybar energi, men vi er som kjent også sterke tilhengarar av klassisk miljøvern det å ta vare på landskapet, dyrelivet, fuglelivet, det estetiske, kulturminne og det å kunne ferdast i ein stille og urøyrt natur. Derfor har vi i begge fylkestinga i Agder foreslått samordna planar for heile landsdelen.
Venstre har vore og er positive til vindkraft og solenergi nær der krafta blir brukt, med korte avstandar mellom produksjon og brukar, for å få maksimal effekt utan øydelegging av natur. Område langs E18 og E39 og nær annan støyande verksemd er gode plasseringsalternativ. Lågfrekvent støy skal takast alvorleg, og vi skal unngå det i urørte naturområde og friluftsområde.
I plasseringa av vindparkar er vi opptekne av CO2-rekneskapen. Å legge vindkraftanlegg nær der folk bur gir betre miljøeffekt. Bygging av infrastruktur og frakting av utstyr og vedlikehold med meir må også inn i CO2-rekneskapen.
Derfor tilrår Agder Venstre nei til vindkraftpark i Hovatn Aust!
Jan Kløvstad og Torunn Sandvand