Kollektivtransport for framtida

Kollektivtilbodet i Sp/Ap-styrte Sogn og Fjordane er ikkje godt nok, og har dei siste åra blitt dårlegare. Det råkar ungdom spesielt hardt. Til dømes brukar skuleelevar frå Firda vidaregåande skule over tre timar på ei reise til Måløy — ei strekning som med privatbil tar berre knapt halvannan time. I helgane fører få ruter og «rutestopp» tidleg på kveld til auke i drosjetransport og privatbilisme. Vi kunne lista opp fleire døme, men konklusjonen er klar: Ei grøn og framtidsretta satsing i Sogn og Fjordane og eit meir attraktivt fylke for ungdom å vekse opp i fordrar eit sterkare og meir stabilt kollektivtilbod.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

buss

Foto: sporveisbussene.as

Venstre vil at det skal løne seg å velje miljøvenleg — også i Sogn og Fjordane.
I eit fylke der tettstadane er små og avstandane store, er eit godt kollektivtilbod avgjerande. Ikkje alle har private transportmiddel.

Engasjementet for og fokuset på klima og miljø er veksande. Det blir stadig viktigare for folk å ta miljøvenlege val i kvardagen. Eit godt kollektivtilbod vil legge til rette for at innbyggjarane kan ta grøne val. Fleire eldre vil få høve til å ta del i sosiale aktivitetar, og ungdom kjem seg enklare til skule- og fritidstilbod. Det er bra både for miljøet og lommeboka.

Sogn og Fjordane Venstre vil arbeide for:
– Rimelegare billettar.
– Ei styrking av kollektivtilbodet

– Fleire og hyppigare avgangar for buss og båt
– At det blir enkelt å finne informasjon og kjøpe billettar på nett
– At ein skal kunne betale med vanlege bankkort på all kollektivtransport

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**