Hudflettar Statens vegvesen

Kjell-Andrè Johannessen (V) slaktar Statens vegvesen for å stoppa arbeidet med ny E16. No krev han midtrabattar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Bygdanytt har snakka med dei to bystyrepolitikarane Atle Fasteland (H) og Geir Dale (Ap), samt Kjell-Andrè Johannessen (V). Dei vart alle overraska og skuffa over nyheita om at Vegvesenet grunna feilteljing av trafikkmengda har skrinlagt arbeidet med ny E16 mellom Vågsbotn og Arna.

Kjell Andre Johannessen

Foto: Venstre

Frustrert
– Ein blir frustrert når ein høyrer om denne konklusjonen. Tala deira er nok riktige, men eg meiner dei ikkje tek omsyn til framtida. Når rushtidsavgifta kjem i Bergen, vil truleg mange køyra om Arna. Dei i Åsane køyrer nok heller ti minutt lenger via Arna, i staden for å betala i dyre dommar andre vegen, seier Johannessen.

– Med så mange dødsulukker på vegen kan eg ikkje forstå at det ikkje er ei god investering med midtdelar. Kvart liv som vert tapt i trafikken er eit stort tap. Om det ikkje blir bygd ny veg, er ei oppgradering med midtdelar eit minimumskrav, slår han fast.

Må halda trykket
Nestleiaren i samferdsleutvalet i Hordaland, Alf-Helge Greaker (V), seier det no er viktig å halda trykket oppe for å få realisert Ringveg Aust og avklara byggestart i neste rullering av Norsk Transportplan (NTP). I NTP for 2014-2023 var E16 Arna-Vågsbotn prioritert med 120 millionar kroner i perioden 2014-2017 og 350 millionar kroner i perioden 2018-2023.

– Desse pengane er avsette til Arna-Vågsbotn og må ikkje hamna i eit «stort sluk», men prioriterast til same område, Åsane- Arna og Ringveg Aust, seier Greaker.

Les heila saka på www.bygdanytt.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**