Uttalelse: Senk eksamensavgifta for privatistar

Møre og Romsdal Venstre meiner at privatistordninga er eit viktig bidrag til kunnskapssamfunnet. Det er difor uheldig at ein ved overgangen til 2015 auka eksamensavgifta for privatisteksamenar med 140%.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Ensretting i utdanning og samfunn

Foto: Creative Commons

Møre og Romsdal Venstre meiner at privatistordninga er eit viktig bidrag til kunnskapssamfunnet. At folk har høve til å dokumentere kompetansen sin er utelukkande positivt. Årsakane til at elevar fell frå frå vidaregåande utdanning eller ikkje presterer optimalt ved første forsøk, er ofte personlege heller enn faglege. Eksamensavgifta bør leggjast på eit nivå som gjer privatisteksamenar tilgjengeleg for alle, uavhengig av betalingsevne. Det er difor uheldig at ein ved overgangen til 2015 auka eksamensavgifta for privatisteksamenar med 140%.

Som eit insentiv kan delar av eksamensavgifta omgjerast til eit depositum som blir tilbakebetalt ved bestått eksamen.

For å hindre at privatistordninga blir unødig lasta med kandidatar som tek opp samme fag fleire gonger for å forbetre karakteren, kan det setjast eit tak på kor mange forsøk ein kan gjere på det same faget.

Fylkesårsmøte Møre og Romsdal Venstre 08.02.15

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**