Uttalelse: Ja til levande bygder

Fylkesordførarkandidat Anja Endresen, stortingsrepresentant Iselin Nybø, Vebjørn Halvfjerdvik og fylkesleiar Kjartan Lunde, Foto: Mari Halvorsen

Rogaland Venstre vil ha levande bygder. Derfor vil me ikkje oppheva konsesjonslova for landbrukseigedomar, men gjennomgå lova med sikte på ei modernisering, vedtok årets fylkesårsmøte i Rogaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Regjeringa føreslo 15.10. i fjor å oppheva konsesjonslova for landbrukseigedommar. Dette forslaget inneber at det i framtida skal vera fritt fram for aksjeselskap, pensjonsfond og andre aktørar med reine kommersielle interesser å sikra seg kontroll over norske landbruksareal. Regjeringa legg i praksis opp til at ein person eller eit selskap kan eiga heile bygdelag.

Landbrukseigedommar er ikkje som alle andre eigedommar. Dei er berebjelkane i dei levande bygdene våre. Føremålet med konsesjonslova slik ho er i dag er å verna landbruksareal og å oppretthalda landbruksproduksjonen ved kjøp og sal av slike eigedommar.

Med andre ord sørgjer konsesjonslova for at samfunnet sine interesser blir tekne vare på. I tillegg kjem omsyn til miljø, busetting, allmenne naturverninteresser, utbygging og forvaltning for framtidige generasjonar. I praksis sikrar konsesjonslova også norsk matproduksjon.

Konsesjonslova har gjennom meir enn 100 år lagt grunnlaget for det familiedrivne jordbruket i Norge. Blir lova oppheva, fell også buplikta og prisreguleringa bort. Det kan igjen føra til ei utarming av bygde-Norge.

Rogaland Venstre ønskjer levande bygder også i framtida, og vil derfor foreslå at konsesjonslova framleis består, men at ein får ei gjennomgang av lova med tanke på ei modernisering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**