Sist Venstre sat i regjering flytta vi Luftfartstilsynet, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Konkurransetilsynet, Post- og teletilsynet, Medietilsynet og Direktoratet for beredskap og samfunnstryggleik ut av Oslo. Samstundes blei mellom anna Lotteri- og Stiftingstilsynet og hovudkontoret for Statens Vegvesen Region Vest lokalisert i Sogn og Fjordane.
Sidan den gong har knapt ein einaste statleg kompetansearbeidsplass blitt lagt utanfor Oslo/Akershus, medan omlag 7000 nye arbeidsplassar har blitt oppretta i hovudstaden. Raudgrøn motvilje til utflytting synest no å bli følgd opp av blå-blå vrangvilje.
Våren 2014 vedtok Stortinget, etter initiativ frå Venstre, at regjeringa skal lokalisere statlege arbeidsplassar slik at ein kan redusere presset i Oslo-regionen og styrke fagmiljø og kompetanse i heile landet. Stortinget har sagt sitt; proppen sit i regjeringslokala. Sogn og Fjordane Venstre krev fortgang i prosessen, og at fylket vårt får vår del av statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø.
Sogn og Fjordane Venstre meiner kloke hovud finst i heile landet, og at desentralisering av statlege arbeidsplassar er eit viktig verkemiddel for å ta desse hovuda i bruk. Det er også eit sjølvstendig poeng at ikkje all makt og mynde blir samla på same stad.
Sogn og Fjordane bør få minst 500 nye statlege arbeidsplassar innan 2020. Desse må lokaliserast slik at dei saman med vekst i næringslivet skapar heilskaplege bu- og arbeidsmarknadsregionar med eit mangfald av arbeidsplassar.
Venstre har tidlegare peika på at Statens landbruksforvaltning, Norges vassdrags- og energidirektorat sitt hovudkontor og Direktoratet for naudkommunikasjon kan vere aktuelle utflyttingskandidatar. Statlege etatar som skal samlast i færre einingar må lokaliserast utanfor dei største byane.
Sogn og Fjordane Venstre forventar at regjeringa respekterer Stortinget sitt vedtak, og krev at det skjer ei rask og målretta desentralisering av statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø i samband med kommune- og regionreforma.
Sogn og Fjordane Venstre meiner at:
– Regjeringa må intensivere arbeidet med å desentralisere statlege arbeidsplassar
– Statlege etatar som skal samlast i færre einingar må lokaliserast utanfor dei største byane
– Sogn og Fjordane skal få tildelt minst 500 nye arbeidsplassar innan 2020