Sogn og Fjordane Venstre vil oppfordre Senterpartiet til å revurdere si haldning også i dette spørsmålet, og stø Venstre sitt framlegg om å oppheve adgangen til å innføre lokale tiggeforbod på Stortinget.
Eit forbod mot tigging det vere seg nasjonalt eller kommunalt vil ikkje løyse fattigdomsutfordringa, verken i Noreg eller i Europa. Sosiale problem må løysast med sosiale verktøy og sosiale tiltak, ikke gjennom forbod og straff. På lang sikt må vi arbeide internasjonalt for å løyse utfordringar med tigging og fattigdom. På kort sikt må vi sikre eit minimum av menneskeverd og humanitet gjennom praktiske tiltak.
Sogn og Fjordane Venstre meiner:
– Oppheve adgangen til å forby tigging i kommunar gjennom politivedtektene
– Ha gode, sosiale ordningar og praktiske tiltak for å sikre eit minimum av menneskeverd og humanitet for mennesker som tiggar
– Arbeide internasjonalt for å løyse utfordringar med tigging og fattigdom