Framtida til Hjeltnes vidaregåande skule skal handsamast av fylkestinget no i vår og Hordaland Venstre vil arbeida for å oppretthalda og vidareutvikla Hjeltnes vidaregåande skule med dei tilboda som skulen har i dag og dei tilboda som er under utvikling.
I samband med skulebruksplanen har det vore arbeidd med ein moglegheitsstudie for Hjeltnes vidaregåande skule. Arbeidet vert avslutta i desse dagar og hovudkonklusjonen er at Hjeltnes vidaregåande skule bør oppretthaldast som vidaregåande skule med dei tilboda skulen har i dag, i tillegg til å vidareutviklast til Hordaland sin andre produksjonsskule. Det blir og konkludert med at Hjeltnes bør drivast vidare som arena for fagskuletilbodet Arborist saman med det nye 2-årige fagskuletilbodet "Lokal Gastronomi" som no vert sendt til NOKUT for godkjenning. I lag med gartnarutdanning for vaksne og fagkursaktivitet gir dette Hordaland unike opplæringstilbod på fagfelt ein ikkje har andre stader i fylket, og som styrker nødvendig kompetanse i regionen og fylket innan naturbruk, matproduksjon, landbruk og reiselivsnæring.
Hordaland fylkeskommune brukar 20 millionar kroner på å byggja nytt drivhus, planteskule og butikk ved Hjeltnes, noko som vil gje skulen topp moderne og framtidsretta lokale for undervisning, produksjon og sal når det står ferdig til hausten/vinteren 2015.
Hjeltnes er ein liten skule med internat og vaksne rundt elevane døgnet rundt. Dette gjev trygge rammer for mange elevar som elles ikkje ville fullført vidaregåande skule. Eit trygt miljø, tett oppfølging av vaksne og pedagogar som ser kvar enkelt elev, er heilt avgjerande for at mange av elevane på skulen fullfører vgs, og ikkje blir ein del av fråfallsstatistikken. Ikkje alle passar inn på ein stor, sentralisert skule.
Indre Hordaland opplever diverre ikkje same utvikling som ytre delar av fylket. Ungdomane flyttar vekk og bedrifter slit med å få fagfolk. Hordaland venstre meiner at å styrka den vidaregåande skulen i denne delen av fylket er rette vegen å gå for å få snudd utviklinga.