Fråsegn: Framleis tannhelseteneste i distrikta

På årsmøtet til Hordaland Venstre 8. februar ble følgjande fråsegn om tannhelsetenesta vedteke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Hordaland fylkeskommune har hatt forslag til ny klinikkstrukturplan 2015-2030 for tannhelsetenesta i Hordaland ute til høyring. Planen legg opp til at talet på fylkeskommunale tannlegekontor i fylket vert redusert. Forslaget vil etter Hordaland Venstre sitt syn medføre eit mykje dårlegare tilbod i distrikta.

Tannhelsetenesta er avgjerande for eit heilskapleg helsetilbod i kommunane. Tannhelsa i lag med skulehelsetenesta er dei som har lang tradisjon og erfaring med systematisk førebyggande arbeid som i mange år har synt resultat.

Ei sentralisering av tannhelsetenesta vil i praksis verte ei urimeleg stor belastning knytt til reising for mange svake grupper, der dei fleste vil trenga hjelp og støtte til å koma seg til og frå tannlege. Lengre reisetid vil og påføra foreldre, pårørande og helsepersonell ei ekstra oppgåve og kostnadar som følgjeansvarlege til tannlegen. Dette kan medføre at nettopp dei som skulle gått til tannlege/tannpleiar ikkje gjer det, med negative konsekvensar for helse og livskvalitet for mange. Med nedlegginga av lokal klinikkar vil ein difor risikera at det førebyggjande tannhelsearbeidet vert dårlegare mange stadar i Hordaland.

Tannlege, helse

Foto: Microsoft

Samhandlingsreforma si intensjon var å flytte oppgåver ut i kommunane, nærare brukarane. Spesialisthelsetenesta har dermed flytta mange polikliniske oppgåver ut i lokalmedisinske sentra slik at legar og spesialistar reiser ut til pasientane. Dette kan tannhelsetenesta også gjere. Ambulering av tannlegar og tannpleiarar til mindre distriktskontor ein eller fleire dagar i veka kan bidra til at dei kan høyre til større fagmiljø, og mange barn og eldre slepp lang reiseveg.

Framlegget slik det no ligg føre vil medføra den største raseringa av tannhelsetilbodet ein nokon gang har sett i distriktskommunane i Hordaland. Reisetidene er etter Hordaland Venstre si vurdering noko som må vektleggjast tungt i eit stort fylke som vårt.

Hordaland Venstre kan ikkje akseptera at tannklinikkar vert lagt ned og sentralisert til regionsentra. Den overordna gevinsten står ikkje i forhold til dei ulempene det fører til for innbyggjarane våre, med omsyn til lang reisetid, tidsbruk og økonomi. Hordaland Venstre ber fylkeskommunen finna ordningar som kan oppretthalda eit tannhelsetilbod i distrikta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**