EIT NØDVENDIG LØFT FOR YRKESFAG

Uttalelse fra Telemark Venstres Årsmøte 08. februar 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


EIT NØDVENDIG LØFT FOR YRKESFAG

For at kompetansesamfunnet vårt skal fungere godt, er vi heilt avhengige av dyktige fagarbeidarar. Derfor må attraktiviteten til yrkesfagleg studieretning styrkast. Fire av ti elevar i vidaregåande skole går nå yrkesfaglege studieprogram, men yrkesfaga opplever redusert søkartal og eit stort fråfall blant elevane. Omtrent halvparten av elevane fell frå før utdanninga er fullført.
For Venstre er dette tydelege teikn om at det er noko som ikkje fungerer.

Telemark Venstre meiner yrkesfagleg retning i vidaregåande skole bør gjerast mindre teoritung og med teoridelen meir retta mot det framtidige yrkeslivet. At det står ein lærlingplass og ventar, vil også vere motiverande for å fullføre.
På landsbasis og i Telemark blir svært mange unge ståande utan lærlingplass. Også det kan tyde på at dagens lærlingpolitikk feiler.

Telemark Venstre vil:

• revurdere teoriopplæringa for kvart yrkesfag, slik at teoriundervisninga blir mykje meir retta mot sjølve fagutdanninga

• oppgradere fasilitetane på skolane slik at utstyret brukt i opplæringa samsvarer med arbeidslivet

• i større grad å kombinere lærling- og skoletid

• legge opp til Y-vegar, der relevant fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse kan gi opptak til høgare utdanning sjølv utan generell studiekompetanse

• jobbe for at skolane kan gje fleire kompetansebevis undervegs i utdanningsløpet

• styrke kompetansen om yrkesfaglege utdanningsprogram i rådgivartenesta på ungdomskolane

• fjerne arbeidsgivaravgifta for lærlingar og auke lærlingtilskotta ytterlegare 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**