BEVAR STAMMENE AV STORAURE I NOREG

Uttalelse fra Telemark Venstres Årsmøte 08. februar 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


BEVAR STAMMENE AV STORAURE I NOREG

Venstre meiner ein nå må sette inn fleire aktive tiltak for å unngå at storauren blir borte i fleire av vassdraga våre. Dei ulike stammene av storaure representerer store biologiske og kulturelle verdiar som det er viktig å bevare. Nesten all storaurestamme i Noreg er påverka av menneskeleg aktivitet. Mange av dei står i fare for å forsvinne.

Forslaget til forvaltingsplan frå 1997 bør nå blir oppdatert og ferdigstilt. Der må det gå klart fram kven som har ansvar for kartlegging av bestanden, om det er fylkesmannen eller fylkeskommunen. Venstre meiner analysar om artsforvalting skal gjennomførast i opne prosessar der ulike interessegrupper skal vere representerte. I slike prosessar skal det opprettast ei styringsgruppe og ei referansegruppe, særleg i tilfelle der det er aktørar med store økonomiske interesser, som f.eks. kraftselskap.

Telemark Venstre vil:

• oppdatere og ferdigstille Direktoratet for Naturforvaltnings (nå Miljødirektoratet) sitt forslag til forvaltingsplan frå 1997 40 (Nr. 1997 – 2). Storaurestammene skal klassifiserast som ein prioritert art.

• klassifisere naturtypane elveløp og innlandsvatn, som utvalte naturtypar. Det skal skje der tilstanden er viktig for sårbare og prioriterte artar, eller der dei har ein stor del av utbreiinga si i Noreg. Det skal også gjelde dersom det er knytt internasjonale ansvar til naturtypen.

• at alle større analysar som blir gjennomførte for å auke kunnskapsgrunnlaget for natur- og artsforvalting, skal gjennomførast i opne prosessar.

• få fortgang i revisjonar av gamle vassdragskonsesjonar

• auke satsinga på å bygge opp kapasitet og kompetanse i vassforvaltinga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**