– Vi er i maktposisjon for første gong på lenge, og vi leverer gode resultat i samarbeid med regjeringa. Noreg skal kutte klimautsleppa med 40 prosent før 2030, vi tek imot rekordmange flyktningar og etter- og vidareutdanningsløftet for lærarar er i gong, sa Rotevatn.
Stortingsrepresentanten peikte også på gjennomslag for Sogn og Fjordane i statsbudsjettet. Etter forhandlingane med Venstre gjekk regjeringa med på å løyve pengar til opprusting av Sogn jord- og hagebruksskule, til Nynorsk avissenter i Førde, til breibandssatsing, til 20-minuttersavgangar på Lote-Anda og til å halvere dei føreslåtte kutta for fylkeskommunen.
– At fylkeskommunen fekk betra økonomien er utruleg viktig for både elevar, bilistar og kulturinteresserte i heile fylket. No er det mogleg å satse vidare på skulane våre, på vegopprusting og på kulturarbeidet også framover.
– Det var 5,2 prosent av veljarane som stemte på oss ved førre val. Her i fylket var det 6,3 prosent. Og ingen har fått meir valuta for stemmene sine enn nettopp venstreveljarane, sa Rotevatn.
Stortingsrepresentant Rotevatn brukte også tid på å kritisere den raudgrøne opposisjonen på Stortinget, som han meiner går mot alle reformer på refleks, og tilbyr lite truverdige alternativ. – Kva meiner Arbeidarpartiet eigentleg om kommunereforma? Om oppmjukinga i den raudgrøne asylpolitikken? Om Noreg sine klimamål framover? Det er ingen svar å få frå det største opposisjonspartiet, og det er svært urovekkjande.
Rotevatn kom også innom lokalvalkampen til hausten, og oppmoda partifellane til å rette ryggen og søkje makt.
– Sogn og Fjordane er blant landets sterkaste venstrefylke, og vi har gjort fleire gode val på rad. Men framleis har vi berre éin ordførar. Eg vil at venstrefolk skal søke makt for å gjennomføre våre løysingar, og er klar til å reise rundt og hjelpe dykk alle med å drive ein heidundrandes valkamp til hausten.