– Denne saka blei laga i midten av januar, og konteksten då var forkant av formannskapsmøtet, og årsmøtet i Stord Venstre med partiets resolusjon på desse emna, som ein kan lesa her.
– I samferdslesaker er det ofte naturen som vert taparen, men nokon gongar er det viktig å setja foten ned. Har du først lagt asfalt, så er det for seint å angra, seier Geir Angeltveit på vegner av partiet sitt.
Generelt, og spesielt om dei to aktuelle sakene på Stord. Ferjestø-debatten og trasé E39 Heiane-Nordre Tveita.
– Eg saknar engasjement og entusiasme frå formannskap og ordførar Liv Kari Eskeland (H) i spørsmåla som råkar friluftsområda våre, seier ordførarkandidaten.
Angeltveit saknar også rasjonaliteten i maktbalansen mellom kommunen og vegvesenet. Vegvesenet seier klårt at dei ønskjer å utgreie dette alternativet, og om dei ikkje får det så kan det vera aktuelt å ta planen frå kommunen uansett.
– Det er arrogant å oppføra seg slik av vegvesenet. Byrjar dei slik allereie no så har ikkje Stord Kommune noko myndigheit uansett. Då kan dei berre ta kontroll over planen, seier Angeltveit.
Artikkelen i sin heilskap kan ein lesa i dagens Sunnhordland her. 6. Februar, 2015.