Fylkesårsmøtet 14.-15. februar 2015 – her er møtepapira

Velkommen til fylkesårsmøtet på Quality Hotel i Sørlandsparken laurdag 14. februar kl 1000 til søndag 15. februar kl 1600.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Fylkesleiar Torunn Sandvand ønsker velkomen til årsmøtet i Agder Venstre

Fylkesleiar Torunn Sandvand ønsker velkomen til årsmøtet i Agder Venstre
Foto: Jan Kløvstad

Her er sakspapira for møtet . Sjå eiga sak her på www.agder.www.venstre.no om forslaget til fylkesvalprogram og skjema for endringsforslag.

Ei hovudsak på Venstres landsmøte i Tromsø 10.-12. april er grønn vekst. Det landsmøteførebuande utvalet for grøn vekst har lagt fram eit notat som bakgrunn for drøftingar på fylkesårsmøtene. Her er innbydinga frå utvalet til drøfting i lokallaga:
«Notatet drøftar kva grøn vekst er, gjev ein bakgrunn for den omlegginga frå ein svart til ein grøn økonomi som vi lenge har snakka om og som vi no ser konturane av, og foreslår 7 sektorar der potensialet for Noreg som føregangsland i grøn vekst er ekstra stort. Til slutt vert det lansert 6 punkt som må gjennomførast dersom det nye grøne næringslivet innan 2030 skal bli like lønsamt og viktig for norsk økonomi som petroleumssektoren har vore til no.

Fylkeslaga vert også inviterte til å kome med innspel til utvalet sitt vidare arbeid med å utarbeide ein tekst til vedtak på Landsmøtet 2015. Slike innspel må leverast til [email protected] innan 2. mars 2015.

Vi ber særleg om innspel på del 3 og 4 i dokumentet (side 5-11), og innspela kan til dømes freiste å svare på følgjande:
– Kva skal vere Noreg sin strategi for å ta globalt leiarskap i omstillinga til den nye grøne økonomien?
– Kva er dei viktigaste nye grøne næringane som kan ta over etter oljen i norsk økonomi?
– Kva politikkgrep skal vi ta for å lykkast med desse omstillingane?»

Her er notatet om grønn vekst som stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

 Sveinung Rotevatn innleiar om grønn vekst

Sveinung Rotevatn innleiar om grønn vekst
Foto: Fotograf Vidar Helle

tar utgangspunkt i når han innleier om grønn vekst, på fylkesårsmøtet i Agder Venstre 14.-15. februar.

Velkomen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**