Venstre fryktar for kommunen sitt omdøme

I avisa «Hordaland» for tysdag 3.2., kan ein lesa at Venstre fryktar for kommunen sitt omdøme. Saka har sin bakgrunn i ein interpellasjon som Torstein Gunnarson og Knut Olav Nestås har sendt ordføraren. Les heile saka her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


TILLIT OG FOKUS i VOSS KOMMUNE

Venstre er sterkt bekymra over at det dei siste månadene synest å ha vore ei negativ utvikling i tilhøvet mellom politikarane og administrasjonen i Voss kommune, og mellom "kommunen" og i bygda.

Både i kommunestyre og i utval har det vore mange svært kritiske spørsmål og kommentarar til administrasjonen; manglande informasjon, behandling på "kanten av" av regelverk og at politikarane først vita i lokalavisa om sentrale spørsmål. Den uavklara legevaktsaka synest å føra svikt i kommunen sitt omdømme i nabokommunane. Vi politikarar får stadig oftare spørsmålet "kva er det som eigentleg skjer i kommunen?"

Kompass

Foto: Microsoft

Det vil vera urett å snakka om ei tillitskrise, når vi tenkjer på alt det gode arbeidet som dagleg blir utført i barnehage, skule, helse og omsorg, tekniske tenester m.v.

Men den negative utviklinga tilseier at både administrasjon og politikarar må ta eit tak for å betra situasjonen.

Korleis ser ordføraren for seg at dette best kan skje?

Torstein Gunnarson og Knut Olav Røssland Nestås, Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**