Nytt styre i Radøy Venstre

Frode Hervik vart på Radøy Venstre sitt årsmøte attvald som leiar. Med seg i styret får han Sigstein Århus (nestleiar, ikkje på val) og styremedlemmene Birthe Frotaule (ikkje på val), Agnes Hoshovde Bernes (ny), Gro Kolstad (ny) og Bård Mangerøy (ny). Varamedlemmer er Ståle Villanger (ny), Bjørg Murberg (ny i dette verv) og Jan Tore Hvidsten (attval).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


-2015 vert eit viktig år for Radøy Venstre med fokus på lokalvalet med mål om å gjere eit godt val og å komme i posisjon til å få større påverknad, seier Hervik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**