Radøy Venstre krev folkerøysting om kommunestruktur

Bilete av Manger sentrum , Foto: Bård Mangerøy

Radøy Venstre krev at det vert halde folkerøysting før Radøy kommune eventuelt vedtek å verte ein del av ein ny kommune i Nordhordland. Dette vart vedteke i ein politisk uttale frå årsmøtet. – Endringar i kommunestrukturen vil innebere så store endringar i kommunen, at avgjersla må forankrast hjå innbyggjarane i ei folkerøysting, seier Frode Hervik, leiar i Radøy Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I det representative demokratiet er folkerøystingar rådgivande, men Radøy Venstre vil følgje det rådet innbyggjarane gjev i ei folkerøysting, heiter det i fråsegna.
-Me vore positive til å få utgreidd endringar i kommunestrukturen og til å gå inn i forhandlingar med andre kommunar. Dette med sikte på å få på plass ei avtale som innbyggjarane kan ta stilling til positive og negative sider ved, seier Hervik.

I fråsegna vert det også slått fast at Radøy Venstre også har eit ynskje om at ein i forhandlingane bør sjå på ulike alternativ.
-Det er ikkje gitt at ein storkommunei Nordhordland vil vere den beste løysinga, men også mindre radikale endringar bør kunne sjåast nærare på. For Radøy sin del bør ein også sjå nærare på eit alternativ med samanslåing med Austrheim og Fedje i tillegg til alternativet med ein stor Nordhordlandskommune, seier Hervik.

Kritiserer regjeringa for hastverk.
Radøy Venstre meiner at regjeringa sitt hastverk med å få gjennomført kommunereforma vil føre til dårlegare prosessar og mest truleg tynne grunnlag å fatte avgjersler på, i følgje fråsegna. Med det tidsløpet som no er lagt, må kommunane fatte ei avgjersle allereie før sommaren 2016, og vil dermed berre ha eitt drøyt år på seg. Dette er for knapp tid, meiner Radøy Venstre.
-Når forskarar peikar på at gode prosessar og god forankring hjå innbyggjarane er dei viktigaste suksesskriteria for vellykka endringar i kommunestrukturen, bør regjeringa gi kommunane meir tid. I det minste bør kommunane få eitt ekstra år på seg til 2017, og då vil det vere praktisk å avhelde lokale folkerøystingar i samband med Stortingsvalet, seier Hervik.

Sjå oppslag i Strilen om saka.

Sjå også oppslag i Nordhordland 04.02.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**